Det siste brevet
Det siste brevet logo kvit-1.png
IMG_4836 - squarespace.jpg

Det siste brevet handlar om dei som forsvinn, men som likevel blir igjen.

 
 

Location

Øyene lengst vest: Indrevær, Husøy, Nautøy og Utvær i Solund kommune

 

Regissør/Manusforfattar

Siri Linn Brandsøy

 

Produsent

Suneeta Rani Gill

 

PRODUKSJONSSELSKAP

Farfars AS

Kva skjer når du flytter til ei avfolka øy for å skrive eit brev til din avdøde bestefar?

Det siste brevet er ein essayfilm der filmskapar Siri Linn Brandsøy gjer nettopp det.

Filmen er ei melankolsk reise gjennom tid og stad, ei poetisk vandring gjennom eit fråflytta landskap. Eit portrett av øyane lengst vest, folka ute i havgapet og eit søkande barnebarn som leitar etter spor etter bestefar og tidlegare fastbuande i landskapet, tomme hus og naust, skuffer og skap, gamle foto, film, kart og stadnamn.

Gjennom eit nært og personleg søk blir Brandsøy kjent med bestefaren sine barndomskamerater. Dei kallar seg sjølv dei siste. Dei fortel om tida før notida, om fisken og fuglen som forsvann, og om stadnamn, fiskeplassar og lokale historier som er på veg ut av manns minne. Saman vekker dei øyene opp frå dvale.

Vi vil fortelje historiene til dei siste medan vi framleis kan.

 

I møte med dei siste blir eg ofte minna på at vi kjempar mot tida for å lage filmen vår. Dei er alle over 80 år og lurar på om dei nokon gong vil få sjå det endelege resultatet. Dette gir meg så klart ei ekstra uro for om filmen vil bli ferdig i tide for det tek ekstra lang tid å lage film når ein skal tene til livets opphald. Enn så lenge pendlar vi mellom deltidsjobb i Florø og filmprosjekt på Indrevær. Planen er å flytte ut på øya og følgje årstidene, filmskaparen og dei siste gjennom eit heilt år når vi har sikra nok midlar til prosjektet. Vi har så langt fått støtte frå Vestnorsk Filmsenter og kunstnarstipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Vi er evig takknemlege for deira støtte som har gjort det mogleg for oss å starte utviklinga av filmen og sanking av materiale. Teaser og manus må på plass før vi kan sikre støtte til vidare produksjon, og jo meir støtte vi får jo, jo meir tid kan vi vie til prosjektet, og jo fortare får vi vist filmen.

Det siste brevet er viktig for oss av så mange grunnar. Det er Ikkje berre personleg for meg som får bli kjend med bestefar og landskapet hans vaks opp i på nytt, men rører ved alle oss som stammar frå utkanten. Det er adressert til ein person som står meg nær, men det er retta til alle som undrar seg over kor vi kjem frå og kva vi lærer av å leve tett på naturen. Havet vev oss saman og øyene vi dokumenterer har mykje til felles med andre fråflytta øyer og rurale strøk både i Norge og det store utland. Ein gong var fleirtalet av oss rurale, men no er vi urbane.

Øyene lengst vest spelte ei sentral rolle i den norske kysthistoria på den tida kysten var eit senter utan ein periferi. No er øyane periferien, så langt ute mot horisonten at vi nesten ikkje ser dei. Og der ute finst det framleis folk med historier og kunnskap som er utruleg fascinerande. Dei har ei slik djup tilnærming til naturen som eg gjerne vil dele med fleire. Nær, humoristisk og poetisk, men med politiske undertoner, rører filmen ved savn og tap av folk, fisk, fugl og minne. Det siste brevet er eit eksperiment i å leve ved havet og ei oppdaging av det som er på veg til å forsvinne.

Ynskjer du å bidra enten som sponsor eller samarbeidspartnar? Vi vil gjerne høyre frå deg.

- Siri Linn Brandsøy, manusforfattar og regissør

 

Vil du støtte filmen vår?

Ta kontakt med oss.

eric-han-454985-unsplash-squarespace.jpg